Livsmestring, leik og fellesskap for 11-åringar i kyrkja

Blå Kors har gjennom førebyggingsprosjektet «Vel sjølv» laga film og samtaleopplegg for tweens, 9–13-åringane. Filmen og samtaleopplegget skal opne for samtaler om m.a. rusbruk og seksualitet, og gjennom det fremme livsmeistring og bidra til å førebygge rusbruk og overgrep.

 

«Lys vaken» er eit overnattingsopplegg i kyrkja for 11–åringar. Arrangementet føregår i heile Noreg og er ein del av trusopplæringa i Den norske kyrkje. På kyrkja.no er målet for tiltaket omtala slik: «Vi skal være vakne for Gud, kvarandre og oss sjølv, og oppleve at Gud er lys vaken for oss.»

 

Rådgjevar Ingeborg Ørjasæter køyrer Blå Kors-opplegget under «Lys vaken».

OMLAG 11.000 BARN SAMAN MED UNGE LEIARAR i tenåra deltar på «Lys vaken» rundt om i landet. Omkring 100.000 barn til saman har delteke på «Lys vaken» sida starten for ti år sidan. Hausten 2017 vart Blå Kors beden om å tilpasse «Vel sjølv» til bruk på «Lys vaken», og før fyrste gong fekk deltakarene på «Lys vaken» høyre bibelhistoria om då Jesus var åleine i tempelet som 12-åring, utan mor og far. Så kunne dei snakke saman om at foreldre ikkje alltid forstår, og at vaksne kan gjere ting som ikkje er bra, og at ein då må fortelje det til andre vaksne ein stoler på.

 

NATT TIL FYRSTE SØNDAG I ADVENT var mange 11-åringar samla i Nysæter kyrkje på Stord for å læra meir om det å vera lys vaken. Rådgjevar i Blå Kors, Ingeborg Ørjasæter, deltok med samtaleopplegget «Vel sjølv». I Nysæter kyrkje viste Ingeborg filmen og snakka om at vi har mange val. Nokon er lette, medan andre val er meir kompliserte. Vi må velje å vera gode mot oss sjølv og andre. Vi må velje å sette trygge grenser for oss sjølv, vi må velje å seie frå når noko ikkje er greitt. Vanskelege val er det lurt å snakke om med ein trygg vaksen eller ein god ven.

 

UNGDOMSLEIARANE PÅ «LYS VAKEN» vart spurde om dei kunne beskrive 11-åringane med tre stikkord.
– Masse liv, engasjerte og nysgjerrige, kom det raskt frå dei.
– «Vel sjølv»-filmen var veldig bra, det var ein tankevekkjar kor mange val vi faktisk tar, sa ungdomsleiar Åshild Grimstad. Prest Jørgen Knutsen i Nysæter kyrkje fortel at han har nytta anna materiell frå Blå Kors til undervisning for konfirmantar og han synast denne filmen óg var veldig god. – Ein såg på borna at dette heilt tydeleg fenga dei, det vart heilt stille og dei starta å reflektere rundt tematikken. Eit viktig tema å ta opp med borna.

 

BORNA SAT I MINDRE GRUPPER saman med vaksne leiarar. Mange gode tankar kom opp.
– Om eg kunne velje kven eg skulle hatt med meg til ei aude øy, så hadde eg tatt med Putin, Trump og Kim Jong-Un. Då hadde det blitt fred i resten av verda. Det synes eg hadde vore eit godt val, sa ein av 11–åringane.

Sjå meir på velgselv.no og ressursbanken.no/ressurser/lysvaken

Comments are closed.