– Regjeringa må gjere meir for å styrkje dei ideelle

Siv Mossleth (til v) og Kjersti Toppe representerer begge Senterpartiet på Stortinget. (Foto: Stortinget)

Kjersti Toppe og Siv Mossleth, som begge representerer Senterpartiet på Stortinget, fremma 6. februar et representantforslag med målsetting om å styrke det ideelle innslaget i spesialisthelsetenesta.

Representantane meiner mellom anna at den norske regjeringa fører ein politikk for auka bruk av konkurranse og anbod i helsetenesta, og at det ikkje er vist stor vilje til å utnytte handlingsrommet overfor EØS-avtalen. Representantane skriv:


Resultatet er at meir og meir av samhandlinga med ideell sektor krinsar om anbodskonkurransar. Denne utviklinga trugar dei nasjonale verdiane og tradisjonane som i Noreg kjem til uttrykk gjennom ideell sektor. Det trengs òg eit forsvar mot sterke kommersielle interesser som ønsker seg tilgang til det dei ser som nye marknader i norsk velferd.

Ønske om vekst i ideell sektor

Stortingsrepresentantane viser til at Stortinget vedtok i 2016 følgjande oppmoding til regjeringa:


Stortinget ber regjeringen fastslå et mål om vekst i andelen av den samlede helse- og omsorgssektoren som skal være organisert og drevet som ideell virksomhet, og på egnet måte legge fram for Stortinget en plan med kortsiktige og langsiktige tiltak for å oppnå dette.
Forslagsstillarane Toppe og Mossleth minner om at det framleis ikkje er lagt fram ein slik plan for Stortinget. Samstundes skriv dei:

I Prop.1 S (2019–2020) varsla regjeringa eit mål om å doble dei ideelle sin del av den samla helse- og omsorgssektoren til 10 prosent målt i kostnader. Regjeringsplattforma frå 17. januar 2019 er på ei rekke punkt offensiv når det gjeld ideell sektor. Men på trass av klare formuleringar i regjeringsplattforma er det langt igjen til at politikken som blir ført, sikrar dei ideelle sin posisjon i norsk spesialisthelseteneste.

– «Magnussen-modellen» øydelegg

På rusfeltet har brukarorganisasjonar ropt varsku fordi internfinansieringsverktøyet «Magnussen-modellen» gjev dei einskilde helseføretaka insitament til å halde pasientar att i eigne tilbod heller enn å nytte avtalar som er inngått med ideelle tilbydarar. Fleire stader har helseføretaka tatt over oppgåver frå ideelle aktørar. Eit av dei siste døme er Bergensklinikken som er blitt ein del av Helse Bergen.


Representantane Kjersti Toppe og Siv Mossleth er også opptatt av utviklinga ein ser når det gjeld tverrfagleg spesialisert rehabilitering. Dei roper varsko om tendensar til at spesialisert rehabilitering skiftar frå ideell til kommersiell leverandør fordi kommersielle aktørar kjøper opp ideelle tenesteytarar undervegs i den kommunale kontraktsperioden. Forslagsstillarane meiner at ein må utvikle nasjonale strategiar for å sikre at dei ideelle framleis veks og er sterkt til stades på rehabiliteringsfeltet.

– Ingen gode langtidsplanar

Forslagsstillarane skriv at det er positivt at regjeringa i plattforma si slår fast både at dei ideelle aktørane skal vere likeverdige partar, og at helseføretaka ikkje skal byggje opp konkurrerande tenestetilbod. Det er likevel grunn til uro: Forslagsstillarane meiner at ingen av dei regionale helseføretaka har laga gode langtidsplanar som vil gi ei reell styrking for desse institusjonane.


Toppe og Mossleth set også spørsmålsteikn ved praktiseringa av lov om offentlege anskaffingar. I august 2018 la regjeringa fram forslag om å ta inn eit tillegg i gjeldande forskrifter til loven. Dette skulle legge til rette for å kunne reservere anskaffingar av helse- og sosialtenester for ideelle organisasjonar når visse vilkår er oppfylte:

«Moglegheita til å reservere konkurransar er enno ikkje slått fast i forskrifta til lova, og det er reist spørsmål ved om framlegget er i samsvar med EØS-avtalen. Dermed er ikkje det juridiske grunnlaget for å nytte reserverte konkurransar tydeleg nok,» skriv Toppe og Mossleth. Forslagsstillarane meiner at regjeringa må vise større kritisk evne og mot i møte med EU-lovgjeving.

Dette er dei 8 forslaga frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Siv Mossleth

Blå Kors gler seg

Generalsekretær Kjetil Haga i Blå Kors gler seg over initiativet som er tatt i Stortinget:
– Eg er samd i det representantane Kjersti Toppe og Siv Mossleth skriv om at ideell sektor utgjer ein særs viktig del av norsk velferd. Ideelle aktørar er viktige for innovasjonskrafta og engasjementet til sivil sektor i velferdstenestene.

Ideelle aktørar har i mange høve vore først med å byggje opp velferdstilbod som styresmaktene seinare har gjort til universelle rettar.


Kjetil Haga påpeiker også at det er naudsynt med sterk politisk prioritering om ideell sektor skal kunne halde fram med å spele rolla som motor for innovasjon og forankring av velferdstenestene mot det sivile samfunnet.


– På rusfeltet har ideelle aktørar som Blå Kors og andre spelt ei historisk viktig rolle. Dei har òg nokre av dei sterkaste fagmiljøa på fleire område og er heilt avgjerande for å skape mangfald i tilboda i Noreg i dag. Eg vonar at representantforslaget blir tatt vel i mot i Stortinget, seier Kjetil Haga